Kristine fikk en jordmor som hun opplevde som "helt fryktelig". Men da hun senere ble flyttet til nyfødtavdelingen, fikk hun heldigvis en svært positiv opplevelse. - Jeg kunne ikke vært mer lykkelig, forteller Kristine.

Sist oppdatert: 13. July 2011

Dette er Kristines historie: Den dagen eg skulle føde blei eg møtt av to hyggelege damer som tok ultralyd og sjekket meg då eg ankom sjukehuset. Det viste seg at hovudet ikkje var festa, og eg blei innlagt på eit rom. Alt gjekk fint heilt til det blei vaktskifte.
Eg fekk ei jordmor som var helt frykteleg…
 
Uhøfleg og sur jordmor
Kvar gong ho var inne på rommet, begynte eg å gråte så fort ho gjekk ut.
Hu var skikkelig uhøflig og hadde en sur tone. Den eine gongen ringte eg etter jordmora for eg trudde riene hadde begynt, og eg sa at det begynte å gjere vondt. Då fekk eg høyre at det var heilt min eigen feil at eg hadde vondt og at eg ikkje hadde noko å klage for!
 
Samboaren min måtte trøste meg kvar gong ho kom innom for å sjekke meg.
Han sa klart i frå til meg at HO skulle ikkje være jordmor under fødselen i alle fall, på grunn av måten ho oppførte seg på.
 
Klokka blei rundt 15, og eg ringte etter jordmora. Eg meinte det var på tide med lystgass  og fødestova no. Samboaren min sa det var første gong den dagen at eg smilte stort og var så glad når eg oppdaga at eg hadde fått ei ny jordmor, ho andre var gått av vakt!
Eg endte opp med ei Heilt Fantastisk jordmor som støtta meg Heile tida.
 

Babyen på nyfødt  – mor på barsel

Dattera vår blei født 5 veker før termin og måtte bli innlagt på nyfødtavdeling. Eg måtte ligge på barsel og fekk ikkje sjå henne så mykje.
Men dei dagane på barsel var eit rent Helvete. Den samme jordmora som eg hadde på dagtid den dagen eg fødte, var skikkeleg gretten heile tida.
Dagen etter fødselen takla eg ikkje sjukehuset meir, eg hadde snakka med nyfødtavdelinga om det gjorde noko om eg gjekk heim og sov den natta, sidan eg ikkje amma uansett – og sidan eg ikkje fekk lov til å ha ho om natta på barsel. Dei sa det var heilt i orden og at dei forsto det fullt ut!
 
Eg gjekk tilbake til barsel for å gi beskjed, og då trefte eg på ei anna sur jordmor/sykepleier. Eg sa eg skulle sove heime komande natt og at det var heilt greit for nyfødtavdelinga. Då slengte ho fram i frekk, sur tone: “Kva skal du gjere med ammingen då? Du må jo komme kvar 3. time om natta for å amme henne, sånn at ungen ikkje svelt i hjel.” Ho sa også at det var dumt av meg å reise heim den natta; for eg måtte jo knytte band med ungen min. For det første så amma eg ikkje, og det sto på alle papira mine. Dessutan låg ho på nyfødt og eg fekk jo ikkje lov til å ha henne inne med meg om natta! Korleis skulle eg knytte band då? Då samboaren min kom, begynte eg å gråte igjen på grunn av alt det ho hadde sagt til meg….
 
 
– Eg kunne ikkje ha vore meir lykkeleg!
Den tredje dagen etter at eg hadde født, fekk eg lov til å flytte til nyfødtavdelinga. Og eg kunne ikkje vere meir LYKKELEG!

ALLE som jobba på nyfødtavdelingen var utruleg flinke – og knallhyggelege.
Alle var dei så positive, og hjalp meg. Dei sa heile tida: “Vi kan passe henne viss du vil litt utanfor sjukehuset sine vegger og spise, gå tur, shoppe eller vere med samboaren, din viss du vil”. Eg var jo på sjukehuset i to veker,  så det var godt å komme litt utanfor veggene. Og når dei såg at eg var trøtt og sliten, insisterte dei på at dei skulle passe henne og at eg skulle få meg noko søvn!
 
Hadde det ikkje vore for alle dei flotte damene på nyfødtavdelinga, så hadde eg aldri takla sjukehusoppholdet!

 
Kristine Vedøy, mamma til Therese (6 månader).
 
 
Har du opplevd noe prositivt eller negativt i møte med helsevesenet som du vil dele med Babyverdens lesere? Send oss gjerne en epost: babyverden@sandviks.com 
Hva synes du om artikkelen?  
Forrige artikkelSlik fortalte vi om graviditeten!
Neste artikkelBare flaks at vi har en datter i dag!
DEL