Eg kjenner det sparkar i magen. Ofte. Mykje. Mest på den eine sida. Men kan eg vere så heldig at det går bra denne gongen?

Sist oppdatert: 10. oktober 2012

For ganske nøyaktig eitt år sidan opplevde eg å miste, ein missed abortion då eg var 13,5 veker på veg. Eg fortalde om det her på Babyverden: Redaktør Heidi: Eg mista babyen. Heilt frå det var eit faktum at babyen ikkje levde, var eg nokså pragmatisk til det heile. Når slikt skjer så ofte, så kunne det jo like gjerne hende meg? Dessutan var eg jo allereie mamma til to nydelege gutar.

Les meir: Ulike typer spontanabort      Spontanabort – hvorfor skjer det?

Det har likevel vore nokre tunge stunder. Eg har tenkt på kvifor den vesle guten brått slutta å leve der inne. Og eg innrømmer glatt at då eg seinare møtte ei som hadde same termindato som det eg hadde hatt, var det litt vanskeleg. I tillegg hadde eg blødningar i lang tid, og heile åtte veker etter eg hadde fødd den vesle kroppen, måtte eg i narkose og ha utskraping. Prøvinga for å få ein ny baby måtte dermed utsetjast mange gonger.

Gravid igjen – ny vårbaby på gong
Men då alt var i orden og vi kunne prøve igjen, var vi heldige og vart gravide med ein gong. Så heldig følte eg meg, at eg våga ikkje å tru det. Eg har ikkje våga å håpe at det kan gå bra.

Fleire gonger dei siste to månadene har dei som har undersøkt magen, verkeleg prøvd å få kontakt med meg. Dei ser meg litt ekstra inn i augene, held blikket fast og ber om å bli trudd; «Du må begynne å glede deg over graviditeten. Dette går mest sannsynleg heilt fint!». Eg har strirra tilbake og smilt forsiktig, men ikkje tort å tru på dei.

Spontanabort – er det hysj, hysj?

Første ultralyd. Levde babyen?
For fem veker sidan var vi til den første ultralydundersøkinga, 14 veker på veg. Eg låg på benken og stålsette meg. Sist gong eg såg på ein ultralydskjerm, såg eg eit foster som ikkje rørte på seg. No skulle eg ikkje gle meg for tidleg, liksom. Jordmora brukte god tid og slo fast at alt såg heilt normalt ut – i alle fall 12 gonger. Eg smilte ikkje likevel.

Då ho avslørte at det er ei jente eg har i magen, kom det eit lite smil. Då vart det liksom litt meir enn eit foster. Jordmora såg at eg heldt  litt tilbake, og begynte å bruke fornamnet mitt, medan ho sa nokre oppløftande ord. Ho ba oss også om å booke henne til neste undersøking. Eg trur ho ville vere sikker på at eg fekk nokon som forsto, eg veit ikkje.

Henrik (10) ringde på mobilen då vi var på veg heim.

-          Ka blei det?

-          Jente!

-          Jippi! Leve hu?

Det skulle fortelje det meste. Også Henrik og Tobias har levd dei siste månadene med håp fylt med atterhald. Ved middagsbordet er dei rett frå levra, og seier gjerne; «Ja, viss babyen leve då». Henrik la også ut, midt mellom middagstuggene, at «mamma har føda tri gonger».  Kva som foregår oppe i hovuda deira, skulle eg gjerne visst. For dei seier nok ikkje absolutt alt dei har inne.

Som storesøsken flest, er det helst kjønnet som opptek dei. Tobias (6) har vore open på at han ønsker lillebror… Då eg fortalde at vi skulle på ultralyd nummer to, var reaksjonen:  «Kan det ver at de finne ut at det e gutt nå?». … Henrik sa: «Eg gler meg sånn! I går når eg såg på lillesøstra til Onar som dabba med ein ball, tenkte eg på at det komme til å bli så fint».

Les også: Tre søstre skal ha baby på samme tid

Ordinær ultralyd - nok ein gong ser alt bra ut!
I sist veke var vi på ordinær ultralyd. Igjen såg alt heilt flott ut. Ok, flott! Endå større

- Eg har så vidt begynt å gle meg...

 sjanse for at det vil gå bra. Og då jordmora sa at «No er du å ansjå som ein ordinær gravid», kjende eg faktisk at noko skjedde. Torde å håpe litt meir. Torde å kjenne litt meir på gleda.

Eg vurderte endåtil å køyre innom ein barneklebutikk og kjøpe eit nusseleg plagg i bitteliten storleik. Men eg droppa det. "Nokre veker til", høyrde eg hjertet sa til hjernen då eg ikkje tok av frå motorvegen, og let vere å svinge innom babyklebutikken.

Nokre veker til.


Heidi er redaktør for Babyverden og mamma til Henrik og Tobias. I mars får dei ei veslesyster.

Alt om graviditet

Alt om fødsel

Les personlige, sterke historier

Hva synes du om artikkelen?  
Forrige artikkelHvilken Facebook-mamma er du?
Neste artikkelSnart halvveis
DEL