Babyverden plussBabyverden pluss - foreldreValg 2025: Senterpartiet om familiepolitikk

Valg 2025: Senterpartiet om familiepolitikk

Av Babyverden 10Sist oppdatert 25.08.25
Senterpartiet vil at alle som trenger assistert befruktning skal få raskere hjelp og vil øke barnetrygden. Her svarer partiet på 12 spørsmål om familiepolitikk. Svarene er uredigert.

1. Ønsker dere å endre på permisjonslengde, foreldrepenger og/eller fordeling av permisjonen mellom foreldrene? I så fall på hvilken måte?

Vi meiner permisjonsordninga i dag er god, men ho kan gjerast meir fleksibel. Lengda og tredelinga skal stå fast, men ordninga må tilpassast ulike livssituasjonar – anten du er student, sjølvstendig næringsdrivande eller får tvillingar.

2. Er dagens barnehageløsning god nok? Bør maksprisen endres? For/mot løpende barnehageopptak?

Barnehagen er ein hjørnestein i familiepolitikken. Maksprisen skal ikkje aukast, og vi vil ha eit meir fleksibelt opptak slik at folk får plass når dei faktisk treng det – ikkje berre ein gong i året. Det gjer kvardagen enklare for småbarnsfamiliar.

3. Er bemanningen og læringsmiljøet i barnehagene god nok? Hva bør eventuelt endres?

Bemanninga er ikkje god nok overalt. Vi vil ha fleire barnehagelærarar, og sikre at minst halvparten av dei tilsette har pedagogisk utdanning. Det handlar om å gi barna tryggleik og gode rammer for leik og læring.

4. Bør barnetrygden endres? På hvilken måte?

Barnetrygda er eit universelt gode som alle familiar får, og den skal vere både skattefri og ikkje behovsprøvd. Vi vil auke den, slik at fleire barn får ein tryggare oppvekst og færre familiar blir pressa økonomisk.

5. Er dere for eller mot surrogati? Hvorfor?

Vi er imot surrogati fordi vi meiner det set både kvinner og barn i ein sårbar posisjon. Barn skal ikkje vere noko ein kan kjøpe, og vi vil ikkje opne for ordningar som kan føre til utnytting av kvinner.

6. Hvordan skal dere oppmuntre foreldre til å få flere barn enn i dag?

Skal folk tørre å få fleire barn, må kvardagen bli lettare. Difor vil vi styrke barnetrygda, gi gratis barnehage for barn nummer tre, og sikre eit trygt fødetilbod i heile landet. Økonomisk tryggleik og gode tenester er nøkkelen.

7. Vil dere gjør det lettere å få barn mens man studerer? Hvordan?

Vi vil gjere det enklare å kombinere utdanning og foreldreskap. Studentar må få betre rettar til permisjon og foreldrestønad, slik at det faktisk går an å starte familie sjølv om ein er i studieløpet.

8. Det har vært mye snakk om fødetilbudet i Norge og at kvinner ikke føler seg trygge. Hvordan ønsker dere å styrke fødetilbudet og berolige gravide som skal føde?

Ingen skal vere utrygge når dei skal føde. Vi vil styrke fødeavdelingane over heile landet og satse på fleire jordmødrer både i sjukehus og i kommunane. Kvinner skal vite at dei får god oppfølging før, under og etter fødsel.

9. Vil dere legge til rette for flere fødsler utenfor sykehus? Hvorfor/hvorfor ikke?

Vi meiner det skal vere mogleg å føde utanfor sjukehus for dei som ønskjer det, men det viktigaste er at sjukehustilbodet er trygt, tilgjengeleg og nært. Ingen skal måtte reise utrygt langt for å føde.

10. Vil dere beholde kontantstøtten eller avvikle den helt? Hvorfor?

Vi vil behalde kontantstøtta. Den gir foreldre reell valfridom i småbarnsfasen, og er eit viktig supplement til barnehagetilbodet. Familiane er ulike – då må politikken gi rom for ulike løysingar.

11.  Vi får færre barn og flere trenger hjelp til å bli gravide. Ønsker dere å gjøre det lettere å få hjelp til å bli gravide? At det går raskere, er billigere eller andre tiltak? Hvorfor/hvorfor ikke?

Vi vil at alle som treng assistert befruktning skal få raskare hjelp, og at det ikkje skal vere økonomien som avgjer. Tilbodet må vere tilgjengeleg i heile landet, for barnløyse er ein stor belastning for mange.

12.  Er det andre ting dere vil gjøre for gravide, fødende eller småbarnsfamilier? Hva da?

Vi vil styrke familievernet slik at fleire får hjelp tidleg, sikre fleire heimebesøk frå jordmor og helsesjukepleiar, og gi betre støtte til pårørande som står i tunge omsorgsoppgåver. Småbarnsfamiliar skal vite at fellesskapet stiller opp.

Følg babyens utvikling: Last ned Babyverdens app her
Hva synes du om artikkelen? 

Nyeste artikler: