Mange opplever å abortere i starten av graviditeten. Her forteller Heidi hvordan hun opplevde det da hun hadde missed abortion for seks uker siden.

Sist oppdatert: 16. november 2011

Artikkelen ble først publisert november 2011.

Eg har akkurat parkert bilen ved barnehagen. Eg er glad og fornøgd. I magen har eg barn nummer tre på veg.
Tobias opnar porten og spring meg i møte på parkeringsplassen. Så kviskrar han meg ivrig, men lågmælt i øyret. Han har fått vite om noko veldig fint, og no vil han dele det.

– Mamma! Det finst ein plass ein kan gå for å få vite om det vert jente eller gut!

Eg smiler breidt, let han ikkje få inntrykk av at dette var noko eg visste frå før, og svarar at det må vi tenke på. Seinare skal eg bli veldig glad for at han var så ivrig etter å dra på ultralyd.

Nokre dagar seinare bestiller eg time, og 13,5 veker på veg er dagen komen. Sidan mannen min og storebror Henrik er på helsereise på Gran Canaria, er det Tobias som skal vere med til den private ultralydtimen.
Han er spent; blir det jente eller gut?? Eg tenker mest at det er fint å sjå at alt er bra med barnet.

– Finn du ikkje liv?
Legen legg på geleen og begynner å føre proben fram og tilbake over magen. Ho seier ikkje eit pip. Det går eitt minutt og eitt til. Til slutt spør eg: – Finn du ikkje liv? – Nei, eg gjer dessverre ikkje det, svarar ho, medan ho held fram med proben over magen. Verkar som ho ikkje forstår at det kan vere dødt.

Etter ei stund konkluderer ho med at babyen er død, og at ho vil ta innvendig ultralyd for å vere heilt sikker. Tobias har ikkje forstått det. Ventar berre på å få høyre «Jente» eller «gut», medan vi snakkar roleg og lågt. Eg ber legen følge han ut før ho tek den innvendige undersøkelsen.

Eg ser barnet på skjermen. Ein perfekt liten kropp, akkurat slik det skal vere på ultralyd på denne tida i svangerskapet. Legen måler og forklarar at barnet må ha døydd heilt nyleg, barnet er akkurat så stort som det skal vere i veke 13. Ho seier at eg må på sjukehuset og at ho skal ordne med time med ein gong. Ho beklagar at ho ikkje har funne liv, men eg kjenner at det er jo slikt som skjer, og seier det. Einaste bekymringa der og då, er om eg vert innlagt, sidan eg for tida er åleine med Tobias.

 – Begynner du å gråte no, begynner eg også!
Køyrer Tobias til barnehagen. På parkeringsplassen ringer eg inn til avdelinga og ber dei ta imot guten min. Å gå inn på avdelinga no, orkar eg ikkje. Stemma brest i telefonen, for første gong etter at legen ikkje fann liv.
– Begynner du å gråte no, begynner eg også! Seier Tobias på veg ut av bilen. Eg tek meg saman og seier at det går bra, og at eg skal fikse det slik at nokon hentar han om eg vert for lenge. Så køyrer eg til sjukehuset og melder meg i luka på gynokologisk poliklinikk.

Overlegen der vil vite kvifor eg var til ultralyd akkurat den dagen. Eit øyeblikk trur eg det er fordi dei meiner at ultralydlegen kan ha teke feil. Men det er visst eit rutinespørsmål for å avdekke om grunnen til den private timen var blødningar eller liknande. Eg svarar som sant er; det var til sjuande og sist Tobias sitt ønske som gjorde at eg valde å ta ultralyden. Eg vert undersøkt igjen og overlegen finn det same; ikkje liv.

Eg har gått inn i ei slags «full-kontroll-rolle», sannsynlegvis fordi eg for tida er åleine med minstemann, og trur at eg må vere sterk. Ho spør korleis eg har kome meg til sjukehuset, og korleis eg har tenkt å kome meg derifrå. Eg forstår ikkje problemstillinga. Eg er kanskje unormal fordi eg ikkje flatar ut?

Eg forklarar at eg jobbar i Babyverden og at eg er veldig klar over kor vanleg det er å miste.  Til slutt held ho hendene sine på knea mine, held godt fast og seier; – Du har ikkje forstått det, du. Då gret eg. Tankane går til dei som er på Gran Canaria og vissheita om at dette må eg gå gjennom sjølv.

– Du vil verte igangsett, du skal føde barnet
Eg vert forklart at eg må føde barnet, og at eg skal bli igangsett neste morgon. Får beskjed om at eg ikkje får lov å vere åleine om kvelden, og eg lovar å ringe ei veninne.

Kort etter er eg i barnehagen og hentar Tobias. Ved porten står han og ropar siste nytt til ei mor; Det blir verken jente eller gut – babyen vår er død. Barn er barn, brutalt ærlege.

Vel heime tekstar eg ei veninne og spør om ho vil kome om kvelden. Så fort ho har høve, er ho på døra. Eg  er roleg og sakleg. Fortel at eg opplever det som «noko som skjer», men at eg synest det å føde gjer at det vert litt «meir». Eg har ingen plan om å spørje henne om å vere med meg, men når ho tilbyr seg, knekk eg saman i gråt. Eg kjenner at det er eit raust tilbod. Ho er trebarnsmor og må ta seg fri frå jobb. Eg takkar ja.

På sjukehuset er det veldig travelt denne dagen. Så travelt at eg må ligge på gangen om eg skal vere på gynokologisk avdeling. Dei tilbyr meg å heller få eit rom på føden. Det synest eg er ei betre løysing, og takkar ja. Kort etter har eg fått eit einerom, og eg og veninna mi ser på at dei lagar til senga. Eg ser meg rundt i rommet og kjenner med eitt at det er veldig «feil» å vere på ei fødestove på denne måten. Eg knekk saman i gråt. Skuldra til veninna mi er god å ha då.

Så kjem barnet – ein bitteliten skatt
Så vert eg igangsett med tablettar. I tillegg får eg ein jamn straum med smertestillande. Då eg har den tredje jordmora, føder eg, og veninna mi forlet rommet. Eg har sagt at eg ikkje vil at ho skal sjå barnet. Det er for privat for meg.

Guten er bitteliten, men heilt perfekt, ein kan ikkje sjå noko ytre som er gale. Eg tek på han og eg tek bilete av han. No grin eg ikkje.Eg må vere fullstendig til stades. Det er eit lånt øyeblikk.

Dagen etter er det tomt inni meg. Eg klarer ikkje gå inn på fellesrommet og hente meg mat. Orkar ikkje møte dei nybakte mødrene med dei små babyane i trillesengene. Eg tek drosje heim og får nokon til å hente Tobias i barnehagen. Han får sjå bileta eg tok av broren hans.  Så pakkar vi koffertane og dreg til heimbygda mi. Turen har vore planlagd nokre veker, og Tobias synes det er heilt uaktuelt å avlyse. Det vert rolege og gode dagar med familien rundt oss.

Om lag to veker etter fødselen, kjem mannen min og Henrik heim. Vi snakkar oss gjennom det som har skjedd. Og snart kjennest det som ting vert «greit» igjen. Dagen etter får vi eit brev i posten; vi må bestemme namnet på guten. Eg stussar litt og ringer så til Folkeregisteret. Det viser seg at sjukehuset har registrert barnet som levandefødd, og at ei ordinær fødselsmelding dermed har gått ut til offentlege instansar. Dagen etter får vi informasjon om dåp, og frå nav får vi eit brev om at første barnetrygd vil kome 1. november. Eg blæs ut frustrasjonen på facebook. Er ikkje sint på nokon, alle kan jo gjere ein feil, men det er ubehagelege brev å få i postkassen.

Ville eg kome til å angre på anonym grav?
Dagane går og dagane vert til veker. Feilregistreringa og breva gjer at eg stadig tvilar på om anonym grav er det rette. Eg føler at denne missed abortion har vorte noko meir enn det trengde å bli, og fryktar at eg kjem til å angre på ein anonym gravstad. Eg spør foreldra mine og det er greit å legge guten i grava til besteforeldra  mine, og eg får eit raskt og klart «ja» med ein gong.

Nøyaktig tre veker etter fødselen ringer eg sjukehuset og spør om det er for seint. Dei seier at det er det nok, dessverre, men at dei vil sjekke det skikkeleg. Tre timar seinare ringer dei tilbake og fortel at guten framleis er der. Vi kan få han gravlagt i familiegrava.  Prest vert bestilt, og gravferda vert to dagar seinare. Berre ein enkel seremoni på kyrkjegarden.

Eg ber kista åleine til grava. Pappa spelar ein melodi på beinfløyte og presten seier nokre velvalde ord. Ved sidan av kista legg vi eit hjerte med roser. Det vert ei verdig og fin avslutning. Vi kjenner vi er glade for at vi ombestemte oss.

Tilbake til kvardagen
No har eg jobba nokre veker i Babyverden igjen. Det kjennest greit ut å kome tilbake. Kollegaene er gode og omsynsfulle. Det er godt å kjenne at livet går sin gang.

Eg kjenner også at eg er glad for Tobias’ iver etter å dra på ultralyd. Hadde vi ikkje gjort det, kunne det vere at eg hadde gått heilt til veke 18, før det vart oppdaga.

Ein kveld eg skal legge Tobias, legg eg meg opp i senga. Vi held rundt kvarandre og seier ingenting. Så bryt han plutseleg stilla:

–          Skal vi prøve å få baby igjen?

Hva synes du om artikkelen?  
Forrige artikkelRøykende gravide får kriminelle barn
Neste artikkelStressa mødre kan skape usunne barn
DEL