Det vart nok ikkje ein juli-baby som det skulle… Min lille prins ville ikkje vera inne i magen lenger!

Publisert: 25. juni 2009

Eg vakna 10.30 torsdag morgon, og ante fred og ingen fare. Kjente berre at eg hadde litt vondt i ryggen. Eg sette meg for å spise frukost og se litt på tv før eg tenkte eg skulle begynne med litt husarbeid, vaske litt babyklede og styre litt på i leiligheta siden min sambuer skulle jobbe til 19.00.
Etter 1-2 timer begynte det å gjera vondt framme i sida på magen og bak i ryggen, og eg skjønte ikkje kva det var. Så gjekk det over, og eg tenkte ikkje noko meir på det, før det gikk en 5 min og det kom igjen. Eg tenkte at det kanskje var stråling frå nervene i ryggen eg hadde fått igjen, så eg tok meg ein paracet og la meg på senga for å slappe av til den begynte å verka.
Det gjekk ein halv time, og den verka ikkje, så eg sendte min sambuer en melding og sa at eg ville han skulle kome heim for eg hadde så vondt at eg ikkje visste kor eg skulle gjere av meg. Men han viste ikkje kva han kunne gjere med det, og det var berre ein 2 timar då til han skulle kome heim. (Ja, eg hadde vore heime aleine ei stund med rier, uten at eg skjønte at det var det…).
Då klokka var 17.00 ca, ringte eg hulkande og gretande heim til min mamma og forklarte situasjonen og at eg hadde veldig vondt. Eg fekk beskjed om å ringe legevakta, og vart henvist av det til jordmor. Eg fekk då beskjed om å komme ned til en sjekk.
Meg og mamma fór ned til jordmor, og eg vart lagt opp på benken og ho undersøkte meg nedentil. Ho skulle kjenne på magen og livmoråpninga. Så høyrer eg jordmor sei: «Eg trur kanskje det er en fot her». Då fekk eg litt store auge, og eg var allerede då begynt å kjenne at smertene kom oftare.
Jordmor bestilte sjukebil, eg ringte min sambuer og ga beskjed om at eg skulle på sjukehuset, for fødselen var kanskje i gang. Eg fór med jordmora i sjukebilen og fór innover, då var det 2-5 minutter mellom kvar rie. Då vi kom på sjukehuset vart eg fortalt korleis og kvifor ting blei gjort, og at vi måtte ta eit hastekeisersnitt, for fødselen var igang, og dei ville ikkje risikere at han kom med beina først.
Vi var på sjukehuset ca 18.40, og prinsen min var ute 20.07. Så no ligg vår lille Oliver på overvåkning. Han slapp kuvøse, så eg kan holde han når eg vil, og kose med han. Men vi må nok vere her i nokre veker til, så han lærer seg å ta mat fra meg og får lagt på seg litt.
Eg hadde termin 12. juli, men Oliver vart født 28. mai, var 2071 gram tung og 44 centimeter lang.
Hva synes du om artikkelen?  
Forrige artikkelHvordan unngå flåttbitt?
Neste artikkelEr du en superforelder?
DEL