Slik denne studia er presentert er ho vitenskapleg sett heilt verdilaus. Det går fram at intervjuobjekta er "studenter på ulike studieretninger". Ein kan ikkje utan vidare legge til grunn at deira oppfatning korresponderer med gjengs oppfatning elles i samfunet. Eg tenkjer då mellom anna på unge menn som har vald yrkesfag ikkje tar utdanning i det heile. Det går heller ikkje fram kor mange menn som er intervjua, korleis fordelinga mellom landsdelene er, mellom by og land osv. Er intervjuobjekta i hovudsak menn frå byområde på austlandet? Kan ein ta for gitt at haldningane til ein økonomistudent frå Oslo seier noko som helst om den kommande generasjonen fedre på landsbasis? Neppe. Dessverre er det ofte slik at svakt funderte konklusjonar (av journalistar) blir presenterte heilt ukritisk, utan at lesaren får informasjon om det faktiske grunnlaget for konklusjonane.
Tilbake til artikkelen