Det er forøvrig eit veldig godt poeng å stille spørsmål ved intervjuobjekta, sidan dette tydelegvis er akademikarar med dei verdiane som dei ofte har. Eg er sjølv i akademikargruppa og ser på større undersøkingar om andre ting at det relativt ofte er slik at høgare utdanna skil seg i meiningar/ handlingar enn dei utan høgare utdanning. Men det er ein anna diskusjon.
Det som verre er at mangen av desse foruma som ligg inn på slike sider som dette, og forsåvidt sidene òg, har eit VOLDSOMT fokus på mor og barn (logisk nok sidan det ofte er mødre som er målgruppa). Det er litt av ein madonnaeffekt, altså at vi som blir/ er mødre er noko heilagt, utilnærmeleg som er så umogeleg å forstå at INGEN andre kan ta del i det. Ergo stengjer ein ute mennene "som umogeleg kan forstå kor hardt det er å bære fram, føde og amme ein unge". Dette må det bli slutt på, eller i det minste bør ein skjøne at det er hormonane som tar heilt overhand. Mødre: get a life!
Tilbake til artikkelen