Eg hadde dette medan eg var i utdanning. Når eg starta å jobbe i juni i fjor, stoppa NAV alle stønadane mine. Som eg rekna med. Men no i den seinare tid, har eg tenkte på denne støtta til barnetilsyn? Har ein ikkje rett på den også når ein jobbar? (Om ein er åleineforsørgar, så klart)
Har årslønn på ca. 280 000 kr (jobbar 75%). Slik eg forstår det må ein over 400 000 kr for å ikkje har rett til denne støtta. Og om eg søker om dette no, vil eg få tilbakebetalt for dei månadane eg ikkje har hatt det?

"It takes a village to raise a child"